top of page

SAFARIO

Safario til Balestrand Badeklubb Festival!!

Denne karen har vore på radaren sidan han smalt ut "Feeling Good" i 2017 – ein låt som gjekk rett til topps på virallista og fekk landet til å nikke i takt. Sidan den gong har det unge multitalentet bygd seg opp frå ekte undergrunn til å bli ein av dei mest spennande liveartistane vi har her til lands. Han har samarbeidd med Rejjie Snow, spelt på dei største festivalscenene i Noreg, og fylt Parkteatret og by:Larm til randen. Det er ikkje for ingenting at NME lista han som ein av 100 artistar å følgja med på.
 

Hugsar de "Chowder (Rada Rada)"? Låta som gjekk viralt og fekk oss alle til å danse som galningar? Eller "Insomnia", det grunge-inspirerte samarbeidet med Honningbarnas Nils Jørgen Nilsen? No har dikka sjansen til å oppleva desse live, i hagen hos oss <3 

Live-showa hans er som å få ein uppercut av energi, og i sommar kjem han til festivalen for å blåse tåka av Balestrand... Detta blir mat!!

BBKF25-artister-250317-safario.jpg

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page