FRIVILLIGKONTRAKT
Frivilligkontrakt for Balestrand Badeklubb Festival
Denne kontrakten er eit bindande dokument som den frivillige skal lese, setje seg inn i og forstå. Kontrakten inneheld klare krav som Balestrand Badeklubb Festival stiller til den frivillige, og kva den frivillige kan vente seg frå festivalen som oppdragsgivar.
Balestrand Badeklubb Festival forpliktar seg til å:
● Gje den frivillige festivalpass og frivillig t-skjorte.
● Gje den frivillige mat og drikke i arbeidstida.
● Informere den frivillige om arbeidsoppgåver.
● Informere om tidspunkt og møtestad for vakter.
● Sende ut elektronisk attest for utført arbeid, på førespurnad.
Den frivillige forpliktar seg til å:
● Bere frivillig t-skjorte på vakt, og ta av seg frivillig t-skjorte når ein ikkje er på vakt.
● Setje seg inn i sine arbeidsoppgåver og utføre desse etter krava til gruppeleiar.
● Møte opp til fastsett tid og stad for oppsette vakter, og ikkje forlate posten før vakta er over.
● Vere blid og imøtekomande mot publikum og andre medarbeidarar.
● Ikkje vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel medan ein er på vakt.
Dersom du som frivillig hentar ut festivalpass og ikkje rettar deg etter dine plikter, forbeheld Balestrand Badeklubb Festival seg retten til å krevje kompensasjon for eit festivalpass og sosiale utgifter pålydande kr 2205,-.
Tausheitserklæring
Den frivillige er med påmeldinga forplikta til å rette seg etter denne erklæringa før, under og etter festivalen. Alle tilhøve den frivillige får innsyn i, når det gjeld artistar, artistfølgje eller andre knytte til artistane, pliktar den frivillige å halde for seg sjølv. Dette gjeld særleg i backstage-området.
Du som frivillig skal ikkje under nokon omstende uttale deg på vegner av festivalen til presse eller andre medium utan at dette er avklart med gruppeleiar eller andre stabsmedlem i Balestrand Badeklubb Festival.
Til slutt:
Ha det kjekt og nyt festivalen! Saman lagar vi ei uforgløymeleg oppleving i vakre Balestrand!