top of page

FRIVILLIG PÅ FESTIVALEN?

Vil du vera med på å lage sommarens trivelegaste festival i vakre Balestrand? ​

Vi treng engasjerte folk som har lyst til å bidra med godt humør, arbeidslyst og ein solid dose entusiasme. Som frivillig blir du ein del av gjengen som held festivalhjula i gang – og vi lovar å gjere det vi kan for at du får ei uforgløymeleg oppleving på kjøpet!

Det er ikkje naudsynt med tidlegare erfaring – vi sørgjer for at du får opplæringa du treng! Om du har vore frivillig før, skriv det gjerne i skjemaet.  Ved å søke som frivillig, aksepterer du automatisk frivilligkontrakten vår. 

Les gjennom her før du sender inn søknaden din: 


 

OBS! Vi kan dessverre ikkje tilby overnatting, og du må vere minst 18 år for å vere frivillig. 

Kva kan du jobbe med?
Festivalen treng flinke folk på fleire område. Du kan krysse av for kva du helst vil jobbe med, så skal vi prøve å få kabalen til å gå opp – men hugs, av og til må vi berre slenge oss rundt og fikse der det trengst mest. Slik held vi maskineriet i gang og sørgjer for ei knallbra festivaloppleving for alle. 

Her er oppgåvene du kan velje mellom:

  • Bar – Tapp drikke, smil til folk og hald stemninga oppe!

  • Solpatrulje – Gjer dagen lysare for andre frivillige, sørg for at folk har det bra og får seg litt vatn, snacks og ein klapp på skuldra <3

  • Innslepp – Ver festivalens blide ansikt utad, sjekk billettar og ønsk folk velkomen!

  • Vakt – Hald oversikt og sørg for at alle har ei trygg og fin festivaloppleving

  • Rydd – Hald festivalområdet fresht og triveleg <3 

  • Sjåfør – Køyr folk og utstyr dit det trengst (NB! Førarkort må oppgjevast i søknaden) 

  • Crew/bærehjelp – Hjelp til bak kulissane med opp- og nedrigg av scena

11.jpg

Kva får du som frivillig?

  • Gratis festivalpass – jobbar du éin dag, får du gratis inngang den andre!

  • Ei særeiga frivillig-T-skjorte 

  • Arbeidserfaring

  • Mat og drikke medan du er på vakt 

  • Ei skikkeleg fin oppleving – her blir du kjent med kjekke folk<3 

25.jpg
21.jpg

Kva forpliktar du deg til?
Som frivillig er du ein viktig del av festivalen. Vi forventar at du møter opp til vaktene dine, er edru når du er på jobb, og at du bidreg til at alle får ei god oppleving. Til gjengjeld får du vere med på eit unikt eventyr saman med oss – og vi lovar å ta godt vare på deg!
 

Bli med då vel!

Kunne du tenkt deg å vera med på dette?

Vi garanterer gode minne, nye vener og ei magisk festivaloppleving i vakre Balestrand<3

BBFK-beasts2.png

Kong Beles Veg 41

6899 Balestrand

  • Svart Facebook Ikon
  • Instagram
bottom of page